Husproduksjon, byggevarer, arkitekttenester, byggesøknader

Rett Hjem har utvikla kostnadsoptimale bustader og hytter som blir levert klar til innflytting eller eigeninnsats. Vi produserer veggelement i eigen fabrikk og kjøper alle andre byggevarer, direkte frå produsent. Difor bygger vi SMART OG BILLIG i heile Norge.

Rett Hjem tilbyr særskild gode vilkår på levering og montering av kvalitetsvindauger og balansert ventilasjon. Ved montering av vindsperre nyttar vi termografering for å oppnå høgst mogeleg tettleik. Dette er grunnleggjande tiltak i samband med energieffektivisering av eldre bustader.

Rett Hjem leverer ingeniør- og arkitekttenester, byggesøknader og handtverkstenester, både til nybygg og rehabilitering/oppgradering.

Rett Hjem rehabiliterer og bygger bad i samsvar med våtromsnormen. Flisearbeid blir utført til fast pris eller pr. time.

Rett Hjem utfører alle typar bygg og vedlikehaldsoppdrag til fast pris eller pr. time.

Alt arbeid blir utført under fagleg leiing av vår eigen byggmeister. Du kan difor vere trygg på kvalitet og byggeskikk.

Rett Hjem er godkjend ENOVA-energirådgjevar, og har spesialisert seg på energieffektivisering og etterisolering av eldre bustader. Optimalt valg av den beste tiltakskombinasjon, samt korrekt utførnad, er avgjerande for at resultatet skal bli så godt som mogeleg. ENOVA dekkjer 50% av kostnaden for energirådgjevnad, inkl. energimerking og tiltaksplan, dvs. kr. 5000. For å søke om slik støtte, kopier denne linken til nettlesaren:  https://soknad.enova.no/privat  (bruk org. nr. 991757112 og lokal godkjenning/byggesaksnr. 201404205 i Bergen kommune, i søknad).

Kontakt oss om du har spørsmål eller ønskjer ei gratis og uforpliktande synfaring.